I dag er siste dag me publiserer saker på SALG24 og me takkar for oss!
I dag er siste dag me publiserer saker på SALG24 og me takkar for oss!

Takk for oss, kjære seljarar

«Allting har ein ende, i dag kom den for SALG24», skriv redaktør Yngve Garen Svardal.

Publisert Sist oppdatert

SALG24 vart lansert med brask og bram i august 2021 og målet vårt var å verta den B2B-bransjens leirbål.

Me hadde ein ambisjon om å utfordra, inspirera, provosera, gleda og engasjera. Me ville skriva om sals- og marknadsfolk i heile landet, i alle næringar og på fleire ulike måtar. Det ville me gjera gjennom å vera nær, tett, kritisk og interessante.

Status to år seinare er at mykje av dette har me lukkast med. Me har skrive om sals- og marknadsfolk over store deler av landet, me har vore nære og interessante. Andre ting må me berre innsjå at me aldri heilt knakk koden på. Men slik er det å driva avis. Noko er du god på, andre ting må du jobba meir med.

SALG24 er eigd av Tjuefire-konsernet som har hatt Medier24 med sidan starten.

I 2020 endra selskapet formål frå å gje ut éi nettavis til å no vera eit skalerbart medieselskap som gjev ut nettaviser.

Fyrst ute var KOM24 som har blitt ein megasuksess – deretter lanserte me SALG24 som me no legg ned.

Me meiner framleis det er ein knallgod idé for ei målgruppa på over 300 000 nordmenn, men det tok lengre tid å lukkast kommersielt enn me såg føre oss på førehand.

Me styrkar difor KOM24 med dei som jobba på SALG24 og aukar difor ambisjonsnivået på kjerneverksemda vår.

Me vil takka alle våre lesarar, annonsørar og kritikarar for at dei tok til seg SALG24 – som trass alt klarte å samla fleire hundre tusen seljarar rundt et leirbål.

Tjuefire har lært utruleg mykje av å jobba med ei målgruppe me ikkje kjente så godt på førehand – og vil ta med oss alle læringspunkta inn i framtidige prosjekt.

Men alle ting har ein ende og i dag er det altså stopp for SALG24. Det betyr at norske seljarar står utan ei uavhengig avis, men for de som jobbar med marknadsføring er framleis KOM24 eit godt alternativ. Så ikkje nøl med å komma med tips og innspel til saker til oss der!

Takk for oss!

———————————————-

Dette er et meiningsinnlegg, og gir uttrykk for skribentens meining. Har du lyst til å skrive i KOM24? Send ditt innlegg til meninger@kom24.no.

Powered by Labrador CMS